Universitetet i Søraust-Noreg har åtte campus samt eit campusprosjekt spreidd over eit stort geografisk område. Studentar møtes sjeldan på tvers av campus, med mindre dei vel å ta ekstra emne ved ein anna campus enn det ein i hovudsak går på. Storparten av studentane ved Universitetet i Søraust-Noreg oppheld seg som regel berre på sitt respektive campus gjennom heile studietida. Dette er med på å skape ein avstand frå resterande campusar og ein manglande fellesidentitet som student ved Universitetet i Søraust-Norge, der ein ser seg sjølv som student ved campusen, ikkje universitetet.
Ved å innføre valfrie emne på tvers av studieretning, fakultet og campus, legg ein meir opp til ein fellesidentitet blant studentane og forelesarane. Dette er eit tiltak der ulike studentar kan møtas for å dele erfaringar og samskape på tvers av studiar. Studentane vil også få gode erfaringar i å samarbeide med andre med eit slikt tilbod, noko som vil kome godt med i det vidare arbeidslivet. Dei valfrie emna må vere noko som kan vere felles for dei fleste studiane, slik at flest mogleg studentar kan ta desse. I ein slik ordning kan ein ha stor variasjon av kva valfrie emne som vert tilbode. Desse kan vere på tvers av til dømes profesjonar eller på tvers av fleire studieretningar.
Ei ordning med valfrie emne på tvers av campus burde leggje opp til mest mogleg fysisk undervisning. Fysisk undervisning til fordel for digital undervisning vil gje betre moglegheiter for samspel og samskaping mellom studentane. Det er her dei mellommenneskelege relasjonane skapast. For at studentar skal ville ta valfrie emne på andre campus enn sitt eige, må Universitetet i Søraust-Noreg legge opp til at emna passar inn i emneplanen til dei fleste studiane. Det må også tilretteleggas for at studentar kan ta valfrie emne på tvers av campus uavhengig av deira økonomiske situasjon , gjennom at reiseutgifter dekkes.
Studentdemokratiet i Søraust-Noreg meiner at Universitetet i Søraust-Noreg er tent med å legge opp til valfrie emne på tvers av campus då det kan skape samhald og skape ei felles kjensle av identitet for studentane ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ei ordning der ein tilbyr valfrie emne til studentar på tvers av campus og studiar kan bidra til eit betre samhald og tilknyting til Universitetet i Søraust-Noreg som fleircampusuniversitet og heve den generelle kvaliteten i utdanninga på studietilboda.
Studentdemokratiet i Søraust-Noreg er opptatt av at det skal vere tilbod om meir enn eit fellesemne ved Universitetet i Søraust-Noreg. Emna skal vere av relevans for meir enn ei studieretning og kan ta føre seg tema som etisk bruk av kunstig intelligens, leiing og berekraftig utvikling.
Studentdemokratiet i Søraust-Norge meiner at:
- Universitetet i Søraust-Noreg må legge til rette for at studentar kan ta valfrie emne på tvers av studieretning, fakultet og campus.
- Universitetet i Søraust-Noreg skal dekke studentars reiseutgifter i forbindelse med valfrie fellesemne på tvers av campus.