Universitetet i Søraust-Noreg leiger i dag campusareal som er utforma som fleirbrukscampus, der studentar og tilsette deler areal og fasilitetar med eksterne aktørar som ikkje har ei formell tilknyting til USN. Over fleire år melder studentar ved desse campusane misnøye og utfordringar med at studiemiljøet vert forstyrra av personar som ikkje er studentar eller tilsette med tilhøyrsle til USN/SSN.
Campus skal legge til rette for fagleg utvikling og sosiale møteplassar for studentar. Det krev tilgjengelege studieplassar, rolege arbeidsområde og sosiale soner for å skape trivsel og eit godt læringsmiljø for studentane. Når eksterne aktørar er ein del av campusareala opplev mange studentar redusert tilgang på fasilitetar, mindre føreseielege omgjevnadar og ei svekka kjensle av at campus er ein stad for studiekvardagen og kunnskapsutvikling. Dessutan opplev studentar at det ikkje er plass til dei på campus.
Campus må vere ein stad studentar har lyst til å vere både før, under og etter forelesing. Studentar må ha rom til å drive studentdrivne aktivitetar utan å måtte ta omsyn til skuleklassar, barnehagebarn, pensjonistar og andre eksterne aktørar. Difor må USN og SSN legge til rette for campus som gjer det mogleg for studentar å skape eit godt studiemiljø av og for studentar.
Studentdemokratiet i Søraust-Noreg meiner at campus skal vere ein arena hovudsakleg for studentar og tilsette med tilknyting til USN/SSN og våre samarbeidspartnarar. Erfaringar frå USN sine eksisterande fleirbrukscampus viser at desse i tilstrekkeleg grad ikkje ivaretar studentars behov for eit godt studiemiljø på campus.
Studentdemokratiet i Søraust-Noreg meiner at:
- Universitetet i Søraust-Noreg må arbeide strategisk for å styrke studentidentiteten ved sine campusar gjennom å reindyrka dei som universitetscampus framfor bygg for eksterne aktørar som ikkje er særleg relevant for studiekvardagen eller livet som student.