Kva skjer på campus Rauland?

Studentene på folkekunst: tre har vore ut og leita etter tæger i myra. No skal dei heim og bruke tægene dei har funne til å saume samman tinene dei lagar i undervisning.
Studentene på folkekunst: tre har vore ut og leita etter tæger i myra. No skal dei heim og bruke tægene dei har funne til å saume samman tinene dei lagar i undervisning.

Det er sjeldan eit stille augeblikk på campus Rauland, det skuldes nok at me er ikkje berre eit USN campus, me har au Raulands Akademiet, som driv med vaksenopplæring innan folkekunst og folkemusikk og eit vandrarheim. Då er det heile tida nye menneske som brenner for å jobbe med hendene sine, så det er alltid inspirasjon å hente på campus!

No har me besøk av styremedlemmene for Telemark fylkes husflidslag. Førre veke blei det heldt kurs i veving av bunadsband i regi av Studie og Kulturforbundet, som er ein del av opplæringa for bunadstilvirking. Sundag kveld hadde me kurs i kolrosing for dei i Handverksklubben! Då fekk dei lære korleis gravere mønster i tre og smøre den inn med bark og linolje for å heve frem designet. Det er heile tida noko på gang på Campus Rauland, det einaste spørsmål er om du er i riktig fløy (sida vår skole er delt i to for tida).