Campusstyret Rauland: Kven er vi?

Hils på det nye campusstyret i Rauland!

Eit nytt studieår betyr eit nytt campusstyre. Her kan du bli litt betre kjent med oss.

Rett ved foten av Hardangervidda ligg campus Rauland. For mange er det utanfor allfarveg, men for studentar som vil lære meir om tradisjonskunst og folkemusikk er Rauland rette plassen. I Rauland består campusstyret av campusleiar Johanne Østrem Hellemo og nestleiar Will Riedlinger.

Campusleiar

Om seg sjølv seier Johanne dette: Eg er 26 år og kjem frå storbyen Tromsø. Eg går andreåret på bachelor i folkekunst tekstil. Eg ville engasjere meg i Studentdemokratiet fordi eg ville gjere USN og campus Rauland til ein best mogleg studiestad for studentane her. Eit par funfacts om meg er at eg elskar alt av tv-seriar om seriemordarar, at eg kan strikke med strikketøyet bak ryggen og at eg alltid byrjar å le når ein prest dummar seg ut under ei gudsteneste.

Det eg liker best å gjere i Rauland er å slå av ein prat med alle eg møter, uansett om det er på skulen eller på butikken, å gå turar ved Totak eller på fjellet og å spele brettspel på brettspelkveldar. I fjor var favoritten å dra på dansekveldar, og det håper eg vi kan få i gang igjen så snart pandemien tillet det.

 

Nestleiar

Om seg sjølv seier Will dette: Eg kjem frå Rochester i delstaten New York. Vi er kjend for Kodak-kameraet, Xerox kopimaskinar og Nalgene vannflasker. Den viktigaste eksportvara vår på midten av 1800-talet var likkister, sidan vi hadde svære furuskogar, som no er hogga ned.

Før eg kom til Rauland for å studere gjekk eg to år på Fosen Folkehøgskole, der eg først var elev og så lærarassistent på båtbyggarlinja. På andreåret bygde eg ein kajakk som framleis ligg i ei løe bak skulen. Den burde eg hente ein dag..

Når eg kjem heim om kvelden er den vanskelegaste avgjersla å bestemme om eg skal jobbe vidare med kniplinga mi, lese i avisa Dag og Tid eller legge meg på sofaen og ete chips rett frå posen medan eg ser på ein middels god britisk serie.

Det eg likar best å gjere i Rauland er å sykle langs innsjøen Totak, helst om kvelden, og viss det er varmt nok til det, tar eg gjerne ein is på benken utanfor Coop på vegen heim.