Mykje å gle seg til

Campusleiar Johanne Østrem Hellemo FOTO

Etter fleire års planlegging byrjar no eit løft for campus Rauland.


Endeleg kan studentane på campus Rauland gle seg over at det skjer noko på campus. Ombygginga er no igangsatt, og vil mellom anna gje ny hovudinngang og felles resepsjon med Raulandsakademiet, nye kontor, ny tekstilsal, rom som er lagd til rette for utstillingar og fleire fleksible verkstadrom som kan brukast av studentar som jobbar med både tre og metall. Nye funksjonelle lokale vil heve kvaliteten på studia.

 

Campusleiar Johanne Østrem Hellemo er særs fornøgd og seier at denne ombygginga har vore veldig etterlengta og blir eit ordentleg løft for campus Rauland. Det er kjempebra at ombyggingsarbeidet kunne starte allereie no etter påske, sidan skulen står tom på grunn av korona. Studentane gleder seg veldig til å sjå det nye bygget ferdig i løpet av neste studieår.

 

Vinje kommune har som vertskommune gjeve pengar til gatelys ned mot campus. Dette bidreg til å løfte fram og synleggjera studiestaden og gjera vegen tryggare.

 

Og om det ikkje var nok, har kunnskapsdepartementet løyvd pengar til 2000 nye studentbustader over heile landet. Campus Rauland vil få 20 av desse. Dei nye studentbustadene er tenkt plassert tett på skulen for å skape ein kompakt campus. 

 

Det blir stadig fleire studentar på Rauland. Med ombygging og fleire studentbustader blir det enda meir spennande å vere student på campus Rauland.