• Aktuelt»
  • Studentsamskipnaden hjelper deg!

Studentsamskipnaden hjelper deg!

Studentsamskipnaden

Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge (SSN) er ein viktig bidragsytar til at du som student skal ha ei god studietid. Hjå dei kan du leige hybel, søkje om barnehageplass, få hjelp av studentrådgjevar mm.


Barnehage

Treng du barnepass medan du studerar, så kan det vera lurt å sjekke ut om studentsamskipnaden driv barnehage eller har eit samarbeid med lokal barnehage tilknytta ditt campus. 

Bokhandel

På fleire campus driv studentsamskipnaden eigen fagbokhandel. Her får du alt du treng av pensumbøker. 

Bustad

Det er tilbod om studenthybel på alle campus. Studentsamskipnaden bygger stadig nye bustader for å imøtekoma studentane sine behov.

Helserefusjon

Studentsamskipnaden sin helserefusjonaordning dekker delvis utgifter studentar har ved sjukdom og andre helseplager.

Kantine

På alle campus bortsett frå Rauland er det studentsamskipnaden som driv kantina. Her tilbyr dei eit godt utval av påsmurt, salat, varmrettar, kaker og drikke. Dei leverer også mat til møter, kurs og andre arrangement.

Rådgjeving

Treng du nokon å snakke med om noko som ikkje har direkte med studiene dine å gjera? Da kan du oppsøke studentrådgjevaren på campus. Om dei ikkje kan hjelpe deg, så får du alltid råd om kor du bør henvende deg vidare.

Tilskot til studentsamfunn/studentlag

Studentsamfunnene og andre studentdrevne lag og foreninger kan søke om midler fra studentsamskipnaden til sine aktiviteter. 

Trening

Studentsamskipnaden driv to treningssentre - eit på campus Vestfold og eit sentralt i Drammen.

ssn

Nettside: ssn.no 

Sentralbord: 31 00 90 00

e-post: post@ssn.no