Rektorhyllest til frivillige studentar

Rektor Pia Bing-Jonsson med frivillige studenter på USN, campus Vestfold
Her ser du bilete frå ein del av feiringane av dei frivillige. Første bilete: rektor med frivillige studentar i Vestfold.
Diplom til frivillige studenter på Hønefoss
Her ser du bilete frå ein del av feiringane av dei frivillige. Første bilete: rektor med frivillige studentar i Vestfold.
Rød løper når rektor inviterer frivillige studenter til hyllestmiddag på USN , campus Bø
Her ser du bilete frå ein del av feiringane av dei frivillige. Første bilete: rektor med frivillige studentar i Vestfold.
Frivillige studenter Universitetet I Sørøst-Norge, Campus Hønefoss
Her ser du bilete frå ein del av feiringane av dei frivillige. Første bilete: rektor med frivillige studentar i Vestfold.
Feiring av frivillige studenter på campus Vestfold
Her ser du bilete frå ein del av feiringane av dei frivillige. Første bilete: rektor med frivillige studentar i Vestfold.
Her ser du bilete frå ein del av feiringane av dei frivillige. Første bilete: rektor med frivillige studentar i Vestfold.
Glade studenter på frivilligmiddag fra rektor, USN, campus Bø
Her ser du bilete frå ein del av feiringane av dei frivillige. Første bilete: rektor med frivillige studentar i Vestfold.
Frivilligstudenter i Vestfold på festmiddag fra rektor
Her ser du bilete frå ein del av feiringane av dei frivillige. Første bilete: rektor med frivillige studentar i Vestfold.

Studentleiar Ada syntest studentar som tek på seg verv og jobbar frivillig fortente honnør. Rektor var hjartans einig og inviterte til festmiddagar.

Det er mange hundre USN-studentar som jobbar frivillig for at medstudentar skal ha ei bra studietid, både fagleg og sosialt. Det kan vere i studentidrettslag, på studenthus, i linjeorganisasjonane til studia eller i studentdemokratiet. 

– Mange legg ned ein stor innsats for at studentdemokratiet skal fungere, at klassane skal ha fagleg/sosiale treff eller arrangerer konsertar, quiz og ulike treningar. Studentmiljøa ville ikkje vore dei same utan frivillige studentar og dei som gjer jobben fortener ei lita hyllest frå USN.

Det seier Ada Margrete Seim, øvste leiar for studentdemokratiet ved USN. 

Ho utfordra rektor Pia Bing-Jonsson til å arrangere ei hyllest til desse studentane. Rektor likte ideen særs godt. Nokre dagar seinare gjekk det ut invitasjon til frivillige studentar på heile USN.

Dei siste vekene har rundt fire hundre studentar ete og kost seg. Under middagen fekk dei hyllingstaler av både USN-leiinga og frå leiarane av studentdemokratiet.

Varmare, meir morosam og meiningsfull campus

I Porsgrunn sa Ada dette til dei frivillige: 

– De gjer campus litt varmare, litt meir morosam og mykje meir meiningsfull. Som frivillig sit du plutseleg med ansvaret for budsjett, festpynting og må rydde etter at alle er gått heim. Men å vere frivillig er også å kjenne på meistring når det kjem fleire enn forventa og kjenne på teamfølelse når ein får til styrearbeid.

Bidreg til gode studentliv og betre utdanningkvalitet

I Bø var det Heidi Ormstad som heldt hyllest-talen frå rektorane til studentane. Heidi er viserektor for forsking, berekraft og nyskaping. Ho takka mellom anna dei frivillige for å gjere ein forskjell for USN-studentar:

– De skaper ikkje berre gode studentliv, trygge rom og levande campusar for medstudentar. De bidreg også til ein betre utdanningskvalitet ved USN. Auken og mangfaldet i studentorganisasjonane gjer meg glad. På vegner av alle tilsette i USN vil eg seie tusen takk for engasjementa og innsatsen deira. 

I Kongsberg heldt Tummas Halvmørk Joensen, organisatorisk nestleiar i studentdemokratiet, ei flott tale for studentane. Han sa mellom anna: 

– Å vere frivillig handlar om å vere den personen andre studentar møter når dei treng ein stad å høyre til. De er ein infrastruktur av menneske. Menneske som gjer studielivet tryggare. Menneske som byggjer bruer mellom fag, bakgrunnar og interesser.
Menneske som gjer universitetet til meir enn berre forelesingssalar og klasserom.

Frivilligpris til 35 studentar

Dei frivillige vart bedne om å nominere studentar som har gjort ein ekstra innsats i rolla si som frivillig. 35 frivillige fekk pris med diplom og gåvekort på 500 kroner:

Her er oversikt over alle dei som blei hylla litt ekstra:

Vestfold
  • Erica Laub Varpe, for å løfte Studentersamfunnet og vere ein bauta for studentfrivilligheita i Vestfold 
  • Fredrik Paulsen, for å ta linjeforeininga Volt i ei ny og positiv retning og bidrag til rekordmange påmelde til karrieredagen.
  • Lillian Katrin Sletteng, for å alltid stille opp, og for engasjement i linjeforeininga Habitus og som kulltillitsvald. 
  • Erik Andreas Reiersen, for å vere å ein sterk bidragsytar i skipinga av Boost linjeforeining, medlem av fadderstyret og lagleiar i studentidrettslaget.
  • Camilla Oset-Stiansen, for jobben som kulltillitsvald og for å vere ein uvurderleg ressurs for kullet ditt, studentrådet, studentdemokratiet og USN.
  • Sunnival Dale, for innsatsen sin som kulltillitsvald, der ho har skapt forbetringar i undervisning og ei betre oppleving for alle.​
Notodden
  • Ola Snippen, for initiativ til å skape og drive skuleavisa A4, eit prosjekt bygd på openheit, inkludering og ekte engasjement.
  • Angelica Hovde, for innsats som leiar i campusstyret, Studentersamfunnet og fadderstyret.
Porsgrunn
  • Kristine Folkvang Pedersen, for alltid å støtte andre i det frivillige og gjere alt for at studentane skal ha fleire sosiale tilbod.
  • Marita Dammen Olsen, for innsatsen i Studentsamfunnet og i Fabrikkstyret. For nye typar aktivitetar og arrangement, og å nå ut til nye studentgrupper.​
  • Sondre Lindgaard Pettersen, for å gjere mykje ekstra for alle andre, gode idear og hardt arbeid i Fabrikken. 
  • Arve Varild Arvesen, for å ha gjort Studentsamfunnet rikare, rausare og endå meir inkluderande.
  • Iben Folkmann Rønningbakken, for å vere kulltillitsvald for første året på sjukepleia og alltid vere til stades for dei rundt. 
  • Martine Randby, for sin innsats og engasjement for studentar på sjukepleia.
Hønefoss
  • Sigmund Bratlie, for å gjere Jokern til ein betre stad for både frivillige og studentar og vere ein heilt sentral ressurs under fadderveka.
  • Beate Drønnen, for å gjenreise linjeforeininga Debug etter pandemien og gjere den til ei sterkare og meir inkluderande foreining.
  • Kristianne Sletti Haugerudbråten, for engasjement i fleire frivillige organisasjonar, for å arrangere sosiale aktivitetar, økonomiansvar i Jusforeningen og for å alltid stille opp når det trengst. 
  • Tonje Aae, for å vere ein nøkkelperson i å skape det fantastiske mangfaldet av arrangement på USN campus Hønefoss denne hausten.
  • Nicholas Haugen Almestrand, for ein fantastisk jobb, både i fadderstyret og som initiativtakar og leiar for nystarta Agora, for å gjere studentlivet ved campus Hønefoss rikare, betre og meir inkluderande!
  • Sara Virik, for ein fantastisk innsats både i Jusforeningen og i andre organisasjonar på campus, og å ha teke ansvar for mange flotte arrangement.

 

Drammen
  • Kristoffer Ludvigsen, for leiarvervet i Studentsamfunnet i Drammen
  • Stian Sira, for nestleiarvervet i Studentsamfunnet i Drammen
  • Maja Nordengen, for vervet som lokallagsleiar for Lærerstudentane i Drammen og engasjement i Studentsamfunnet
  • Henrik Bermingrud Eida, for vervet som tillitsvald og engasjement for å gi medstudentar ei god studietid i Drammen.
  • Imen Myren Habes, for innsatsen sin som klassetillitsvald og måten ho har bidrege til klassemiljøet
  • Garnklubben, for å ha gitt studentane i Drammen eit godt og tilgjengeleg lågterskel tilbod, ope for alle studentar.
Kongsberg
  • Joar Edvinsen, for engasjementet sitt for studentfrivilligheita gjennom fleire år.
  • Charlotte Borstad, for å skape eit godt miljø rundt seg, for å sjå alle og få alle til å kjenne seg velkommen
  • Eline Krogh, for å ville hjelpe andre med kva enn det skulle vere og eit humør som gjer det gøy å jobbe frivillig. 
  • Karoline Sæterhaug, for å vere ei sterk stemme for optikarstudentane og gjere alt for at studentane skal ha det best mogleg.    
  • Egil Kanstad, for vervet som campusleiar og for å bidra sterkt i studentfrivilligheita på mange vis.
  • Andrea Marie Engeseth, for å stå på som ein heilt på Kroa, bry deg om andre og ha eit ekstra auge for internasjonale studentar.
  • Madelen Luberth, for å skape ein betre kvardag for mange studentar gjennom mange roller, mellom anna som campusleiar. 
  • Selina Valåmo Sæthermyr Falch, for å skape liv og glede på campus gjennom linjeforeining, førstesemesterutval og ikkje minst som organisator av tre Forrædar-arrangement som er legendariske!
  • Arletta Nanna Lilienstein, for gode initiativ og gode arrangement for studentane på Kroa. 
  • Thomas Guldbrandsen, for innsatsen sin og engasjement i campusstyret, Studenthagen og Naturviterne.


Glade frivillige på USN, campus Bø med fikk diplomer og gavekort etter nominasjoner fra sine medstduenter.

  

På Rauland inviterar dei kvart år alle studentar på ein julemiddag. Dei frivillige slapp å betale eigendel og vart her hylla særskilt i talen til instituttuttleiar. 

Frivillige studentar i Hallingdal var invitert til feiring på Hønefoss.

 

Studentlag- og demokrati

Sjekk alle frivillige studentorganisasjoner ved USN her. 

Studentar som ønskjer å starte noko sjølv, kan få støtte frå studentsamskipnaden.